NYHENDE

No finn du nokre av dei mest kjende verka av Hans Gjesme (1904-1994) på Digitaltmuseum. Meir vil komme etterkvart som vi arbeider med samlinga som er på over 1500 verk.

No finn du nokre av dei mest kjende verka av Nikolai Astrup på Digitaltmuseum. Meir vil komme etter kvart som vi arbeider med samlinga på over 320 verk. Du kan mellom anna sjå 125 tidlegare upubliserte skisser. Om lag halvparten av dei er mest sannsynleg frå studietida i Paris i 1902, då skisseboka dei er ein del av har stempel frå ein utstyrsbutikk for kunstnarar i den franske hovudstaden og motiva kan sjå ut til å vere derifrå.