Anders svor - skulptursamlinga - anders svor museum
Anders Svor
Anders Svor vart fødd i Hornindal den 14. desember 1864. Både på fars- og morssida hadde kunstnargivnaden i generasjonar synt seg gjennom dugandes felespelarar, songarar og smedar. Som syttenåring fekk han plass som treskjerar ved Brødrene Hals pianofabrikk i Oslo. Dei to åra han arbeidde der var han óg elev ved Den Kgl. Tegneskole. I 1886-1892 var han i København, der han var elev hjå Stephan Sinding og Vilhelm Bissen. Frå 1886-1888 var han student ved København Kunstakademi, der han mellom anna hadde professor Theobald Stein som lærar.
Det var under opphaldet i København han fekk det kunstnarlege gjennombrotet som bilethoggar. I 1891 fekk han gullmedalje for skulpturen "David" på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin. Seinere deltok han på fleire utstillingar i Kristiania, København, Paris og Chicago. I 1891 vann han konkurransen om Tordenskioldmonumentet i Kristiania, eit oppdrag som likevel vart tildelt ein annan kunstnar.
Etter København-tida oppheld han seg i heimbygda ei tid, før han i 1893 reiste attende til Kristiania. Etter eit stipendopphald i Paris i 1894-95 slo han seg ned i Kristiania for godt, der han budde og arbeidde i St.Olavsgt. 24, med avbrot av nokre korte periodar med arbeid ved Nidarosdomen. Anders Svor døydde av hjerneblødning, truleg 2. mai 1929, 64 år gammal.
Anders Svor i det offentlege rommet
Anders Svor levde i ei tid då det var lite med arbeidsoppgåver for bilethoggarar. Det var langt mellom større oppdrag og det var heller ikkje til å unngå at glansen av Gustav Vigeland også kasta meir skugge over andre samtidige bilethoggarar enn dei, sett i ettertidas lys, kanskje fortente. Likevel fann fleire av Anders Svor sine mest kjende verk plass i det offentlege rommet. I Oslo står fonteneskulpturen Bylgja i Skillebekkparken, Etter badet ved Bislett bad, Ein symjar i Kampen park, og det er Anders Svor si løve som vaktar kongeinngangen til Nationalteateret. Elles er Anders Svor representert i Porsgrunn med Forliste sjømenn, i Moss med Diskoskasteren og, ikkje minst, i Tønsberg med den store statuen av Sven Foyn. Gustav Vigeland skal ha karakterisert dette verket som mellom dei beste portrett-statuane i landet.
Anders Svor Museum
- Svorsamlinga
- Skiftande utstillingar
- Bøker – katalogar – kunstkort – plakatar
Anders Svor etterlet seg om lag 450 skulpturar i atelieret i Oslo. Av desse var dei fleste i gips eller leire og berre nokre få i bronse. Arvingane vart samde om at samlinga skulle heim til Nordfjord. I fyrste omgang vart arbeida lagra tett samanstuva i den gamle ljorestova på Svor. I 1941 overdrog arvingane samlinga til Hornindal kommune, på vilkår at det vart reist eit eldfast museumsbygg. Grunna krigen og trange økonomiske tider vart ikkje bygginga sett i verk før i 1951. Anders Svor Museum vart opna 12. juli 1953
Frå 2004 er drifta av museet konsolidert med Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Sogn og Fjordane Kunstmuseum freistar utvikle kunnskapen om Anders Svor og samlinga og har gjennom aktiv formidlingsverksemd søkt å auke kunnskapen om Anders Svor sin kunst også utanfor Hornindal, mellom anna i samarbeid med den kulturelle skulesekken. Hornindal kommune løyver kvart år pengar til Sogn og Fjordane Kunstmuseum, som sidan 2004 har stått for den faglege forvaltninga av samlinga.
Ved opninga av museet i 1953 utgjorde samlinga omlag 450 arbeid, inklusive skisser og utkast. Sidan då har tilveksten til samlinga vore på meir enn 50 arbeid. Mellom desse er fleire av Anders Svor sine større og meir sentrale skulpturar.
SSB
|