Målaren, grafikaren og teiknaren Nikolai Astrup vart fødd i Kalvåg i 1880. Familien flytta til Prestegarden på Ålhus i Jølster i 1883.
I 1899 drog han til Kristiania, der han vart elev av Harriet Backer og i 1901-02 var han elev av Christian Krohg i Paris. Både Backer og Krohg såg Astrup sitt sereigne og store talent, som alt hadde teikn til mogning då han tok til i lære. I tråd med 90-åra sine nasjonalfilosofiske straumdrag og vørnad for geniet og originaliteten vart Astrup alt etter om lag knapt tre år "utskriven" som utlærd kunstnar.
Etter å ha vore med på vårutstillingane i Kristiania i 1901 og 1902 fekk Astrup eit verkeleg gjennombrot som kunstnar med separatutstilling hos Blomquist i 1905. Den gode mottakinga han fekk av både kritikarar og publikum kan truleg dels forklarast med at han var ein nyskapande kunstnar som med stor originalitet og kraft tok fat på eit område som meir eller mindre hadde lege brakk sidan J.C. Dahl: Vestlandsnaturen, og ikkje minst vestlandskulturen, representert gjennom nærværet av jordbruk og folkeliv i Astrup sine motiv.
Ei anna forklaring på Astrup sin suksess var truleg rett handling til rett tid. Natur- og kulturromantiske straumdrag gjorde seg gjeldande i Europa. Samstundes var tida kanskje overmogen for å finne nye og andre grep enn det Düsseldorfarene hadde innstifta nærast som komposisjonsteknisk standard, og kunstnarane hadde teke nye steg i ulik leid. Nokre i retning av ei impresjonistisk prega naturalisme og andre tok steget inn i ein ny tid gjennom kubistisk eller ekspresjonistisk prega uttrykk. Ei anna, og den mest dominerande retning her i Noreg, var ei revitaliering av nokre av ideala frå romantikken gjennom nyromantikken. Astrup vert gjerne omtala som nyromantikar og sett i samanheng med Harald Solberg og den "regionalistiske" orienteringa som óg låg i tida . Sjølv karakteriserte han uttrykket sitt som "naturalistisk naivisme". Om det er mogleg å dra assosiasjonane mot fleire av dei rådande uttrykka i Astrup si samtid, så er er det likevel noko umiskjenneleg "astrupsk" som gjennomsyrar Nikolai Astrup sine bilete. Og kanskje er Astrup si eiga nemning "naturalistisk nivisme" ikkje så langt unna ei presis beskriving av måten Astrup handsamer folkeliv og landskap.
I 1912 flytta Nikolai inn i nytt hus, etter å ha kjøpt hustomt og jord på Myklebust. Her vart han både frålurt skøytet av den tidlegare grunneigaren og så dårleg handsama av bygdefolket at han alt i 1914 ikkje såg anna utveg enn å flytte til Sandalsstrand . Der fekk Nikolai Astrup med lånte penger og mykje strev etterkvart reparert gammalt og bygd nytt, slik at tunet i løpet av første halvdel av 20-åra fekk den bygningsmassen vi i dag kjenner som Astruptunet på Sandalsstrand.
I dag er Astruptunet på Sandalsstrand ikkje berre ein kunstnarheim, men og ein viktig del av kunstnaren sitt livsverk. Som i bileta til Astrup, ser vi både i interiør og eksteriør korleis Astrup sin kjærleik for landskapet og plassen framleis ligg som ei stemning gjennom rom og tun.
Den gamle fjøsen som eksteriørmessig glid inn i det autentiske bygningsmiljøet rommer eit moderne eldfast galleri der publikum kan sjå ei unik samling trykkplater og bilete. Utstillinga formidlar handverket bak Astrup sin kunst på ein måte ein berre kan sjå på Astruptunet.
SSB