Exhibition opening

 

VIL DU SØKE UTSTILLINGSPLASS VED SFKM?

KVEN KAN SØKE?
Alle biletkunstnarar og kunsthandverkarar kan søke.
Om søknaden gjeld eit gruppeprosjekt, vil ein person måtte representere gruppa.
Vi oppmodar søkar til å legge fram prosjekt som ikkje har vore vist tidlegare og som er produsert innanfor dei siste 5 åra.

KORLEIS SØKE?
Søkaren er pliktig til å legge ved følgande dokumentasjon i EIT dokument (PDF, maks. 5 MB):

  • Administrative detaljar
    - Namn, addresse, telefonnummer og e-post adresse.
    - Nettsideadresse om ein har det.
    - Ein kortfatta CV (som òg inneheld fødselsår og stad).
  • Kunstprosjekt
    - Tittel
    - Detaljert omtale av prosjektet (maks 2 sider)
    - Liste over deltakarar om gruppeutstilling
    - Liste over kunstverk med foto eller ei direktelenke til verket på internett (maks 10 foto/lenker).

SØKNADSFRIST?
Søknadsfrist 31. oktober kvart år. Du vil få varsel om at søknaden er teke i mot og svar på søknaden innan 3 månader.

Søknad sendast til post@sfkm.no og merkast med «Søknad utstillingsplass» i e-post emnefeltet.

 

Foto (IN): "20 Coastal Stations", 2016