HANS GJESME OG ÅRSTIDENE
Utanom sesong: ope på bestilling.

I denne basisutstillinga ønskjer vi å syne fram eit underliggande tema i mange av Hans Gjesme sine måleri, trass ulike motiv; nemleg årstidene. Gjesme skildra det karakteristiske Lærdalslandskapet med jorda, dei høge fjella som rammar inn dalen og himmelen over, i ulikt vêr og lys, men òg til ulike årstider. Store delar av året ligg delar av dalen i skugge og ein kan i bileta sjå tun, folk og kvardagsliv i dette «skuggelandskapet». Gjesme har skildra den tidlege grå våren der snøen nett har sleppt taket og naturen enda ikkje har teke til å spire, den lysegrøne forsommaren full av eit skimrande lys som trengjer gjennom alt som gror, den saftige grøne sommaren med sol, glitrande vatn og slått, den mollstemte hausten med eit gyllent skjær i lyng, trær og fjell, og til slutt den kalde snøfattige vinteren i bygda med kjølege pastellfargar. Nokre av måleria ber i seg element av naturmystikk, slik som Soli kjem att om våren. Dei fleste motiva er frå Lærdalstraktene, men nokre er òg frå Austlandet og Rondane.

Gjesme valde, som mange andre kunstnarar i 1920-åra, å busette seg på heimplassen i eit kjend og kjært landskap. Målarkunsten var på den tida prega av ei sterk nasjonal rørsle og det norske var viktig i val av motiv og fargebruk. Gjesme hadde sin mest produktive periode frå 1920 til 1951, men heldt fram med å måle og teikne heile livet. Berre nokre få av måleria er daterte, noko som gjer produksjonen vanskeleg å plassere i tid. Måleria syner ein kunstnar som kontinuerleg prøvde ut ulike uttrykk i søken etter løysingar på kunstnarlege problem. Korleis skildre og nytte farge og form? Gjesme ønskte å få fram det malerisk interessante ved eit motiv, motivet i seg sjølv kom i andre rekke. Dei ulike uttrykka han er innom gjer at ein kan plassere verk omtrentleg innanfor ein periode av karrieren hans. I 1920-åra er det ulike impulsar frå lærarar og studiar som viser att i uttrykket, medan det seinare er prega av tydelege penselstrøk og ein meir og meir eigenarta stil. Frå 1955 til 1971 var Gjesme innlagd ved Gaustad sjukehus i Oslo. Mange av motiva frå Austlandet er måla på slutten av denne perioden.

Gjesme plasserer seg inn i ei lang rekkje av landskapsmålarar. I mellomkrigsåra tala ein om ein «ny nasjonalromantikk» innan  målarkunsten, og det er i denne samanhengen Gjesme sine landskap høyrer heime. Men først og fremst er han Lærdalsmålaren. Gjennom blikket og penslane til Hans Gjesme har kvalitetane ved Lærdalsnaturen fått ein ekstra dimensjon. Kunst og natur påverkar kvarandre slik at ein oppdagar nye sider og kan sjå det kjende med nye auge. Gjesme sine landskapsbilete høyrer ikkje berre fortida til, men er uttrykk for kjærleik til ein natur som er ramma rundt Lærdal i dag.

Kurator: Ingrid Norum og Inghild Venås
Tekst: Ingrid Norum (kjelde: Ulla Uberg, «Landskap», Hans Gjesme Landskap og portrett, 2004)
Foto: Hans Gjesme, Vår, 1974, olje på lerret, GJS 10.