I løpet av  hausten skal alle 9. klassingane i Sogn og Fjordane få reise på besøke til eit museum og verte betre kjent med kulturarven vår. «Tidskapselen» vil bestå av to delar:

  • Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv. Elevane vil få vite kvifor vi har museum, kva mål musea har og korleis eit museum arbeider.
  • Elevane skal verte kjende med akkurat det museet dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing? Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på ved akkurat dette museet?