I NATUREN
- ei utstilling for deg som let deg fasinere av natur

Utstillinga vert opna torsdag 28. juni kl. 18 av Astrid Kalstveit, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag. Musikalske innslag ved mannskoret Buldre.

I høve Den Norske Turistforening sitt 150-års jubileum syner vi fram eit utval verk frå samlingane som krinsar kring temaet natur. Har du nokon gong opplevd å stå framfor eit landskap og kjenne at du ser det gjennom eit slags filter? At til dømes eit Astrupmaleri du har sett, legg seg mellom deg og landskapet, slik at du ser det med andre auge? Kva har kunstnaren lagt til og trekt i frå i si skildring? Kva har ho eller han lagt vekt på? På kva ulike måtar har kunstnarane skildra naturen og kva natur er det dei skildrar? Ein stor del av verka i samlingane vi forvaltar i Førde, Jølster og Lærdal krinsar rundt tema som landskap, naturopplevingar og naturinntrykk. Motiva er fjell, hav, himmel, skog og flora, årstidene og mennesket i naturen. Dei er alt frå realistiske og naturalistiske til abstrakte og lyriske skildringar. Ofte krev dei at ein må ta fantasien i bruk for å kunne sjå det kunstnaren har sett. Her får ein alt frå store utsyn til intime utsnitt.

Teknikkarassemblage, collage, glas, fotografi, grafikk, keramikk, maleri, materialbilete, pastell, skulptur, teikning, tekstil og video.

Representerte kunstnarar: Oddleiv Apneseth, Anders M. Askevold, Nikolai Astrup, Tom Bache Wiig, Arild Bergstrøm, Sofie Berntsen, Malvin Berqvam, Aase Kvikne Bjordal, Marianne Blankenberg, Marianne Boberg, Ragnvald Botn, Øyvind Botn, Harry Botn, Geir Brungot, Kari Christensen, Ludvig Eikaas, Toralf Flatjord, Hans Gjesme, Hans Fredrik Gude, Agnes Guttormsgaard, Elisabeth Haarr, Mari Meen Halsøy, Bjørn Hegranes, Elisa Helland-Hansen, Ida Helland-Hansen, Brite Hindal, Maria Hjelmeland, Geir S. Hjetland, Arve Håland, Johan Olai Indrekvam, Arne W. Isachsen, Kurt Johannessen, Karen Klim, Kåre Ragnar Lien, Jens Chr. Lindstrøm, Lars Korff Lofthus, Susanna Majuri, Astrid Myklebust, Audgunn Naustdal Holsen, Hanne Nielsen, Eli Raa Nilsen, Kjell Nupen, Ørnulf Opdahl, Olaf Leon Roald, Knut Rumohr, Egil Røed, Lillian Samdal, Harald Seim, William H. Singer, Sidsel Skjelfjord, Gro Skåltveit, Kjartan Slettemark, Raymond Slåttli, Kari Stageboe, Åge Steinset, Svein Tenol-Tuxen, Dag Thorkildsen, Bernt Tunold, Magne Vangsnes, Kjell Varvin, Frans Widerberg og Astrid Wittersø

Kurator: Ingrid Norum, konservator ved SFKM.

Verk: Susanna Majuri, Joutsen (Swan), 2011, SFKM 1861, kjøpt 2012.