TRETOPPANES BLYGSKAP

Er det mogleg å fremje nye former å leve saman på, som er verken individualisme eller global konkurranse, sjølv om det kan verke uoppnåeleg? Er vi i stand til å etablere band basert på kompromiss, gjensidig plikt og samarbeid, utan nødvendigvis å kvitte oss med våre indre forskjellar? Kva praktiske, teoretiske og symbolske handlemåtar kan vi førestille oss gjennom kunsten, midt i den noverande sosiopolitiske konteksten der sterke motsetnadar og splitting rår?

Tretoppanes blygskap er eit botanisk fenomen der tre sjølve definerer grensa for kor mykje dei veks, slik at ulike artar kan eksistere saman på lauvtaket utan konkurranse. Mykje forsking har vore gjort på dette medvitet hos tre, og utgangspunktet vårt er trea sitt interne kommunikasjonssystem. Gjennom utveksling av kjemiske signal vernar dei seg mot førekomsten av sjukdommar, mot negativ påverknad frå miljøet rundt, og dei avgrensar sitt eige livsrom i kontakten med andre tre. Desse naturlege infrastrukturane i vegetasjonen skaper "mellomrom av blygskap": rom mellom trekronene som gjer at trea berre så vidt – om i det heile teke – kjem borti kvarandre. Trea er til dømes einige om å la lyset sive gjennom, samstundes som dei ikkje slepp inn element som er skadelege for livet som gruppe. Slike kanalliknande rom blir i utstillingskonteksten vår tolka som moglegheitsrom.

Den poetiske observasjonen av dette fenomenet utfordrar nokre av dei moderne, leiande forståingane av naturen – nemleg at den sterkaste alltid sigrar i kampen for å overleve. Overfører vi dette til oss menneske, kan den kollektive intelligensen og omtanken for fellesskapet vi ser hos trea, gje oss eit perspektiv på vår samtidige eksistens og minne oss om at vi – som medlemar av eit samfunn – må handle raskt for å skape eit økosystem der relasjonar, møter og utveksling framleis kan vekse fram frå samvirke. Lærdommen frå trea utfordrar forsvaret av blind konkurranse i det noverande sosioøkonomiske rammeverket.

Denne utstillinga har potensialet til tremetaforen som utgangspunkt, og syner fram kunstnarlege praksisar som fremjar eller synleggjer ulike scenario som handlar om å leve saman og lære av kvarandre, samstundes som vi godtek at alle er annleise og ulike. Utstillinga undersøkjer kva samfunn og fellesskap kan tyde i dag, gjennom kunstverk som bidreg til ei breiare forståing av omgrepa (men utan å nekte for at konflikt, ustabilitet eller sårbarheit finst). Vi vil byggje på vår kompleksitet, våre motsetningar og våre veikskapar og slik strekkje oss mot nye horisontar der vi kan leve side om side og skape meir subtile og fleksible relasjonar med andre for å verte sterkare saman. Med dette målet for auge legg utstillinga vekt på meir intuitive, poetiske læringsmetodar og tilnærmingar til naturen, som overskrid grensene for vitskapeleg kunnskap.

Arbeida som vert presenterte på Sogn og Fjordane Kunstmuseum, inviterer publikum til å kjenne på kor omskiftelege relasjonar mellom menneske kan vere, til å verte merksame på sine eigne kroppar i forhold til andre og til å oppdage ulike former for deling og utveksling av tid, rom og kunnskap. Det heile dannar ein "sosial skulptur", som kan minne oss om kjenslene i grasrotrørsler, til dømes sitt-ned-aksjonar og demonstrasjonar, der kommunikasjonen med andre skjer utan ord og først og fremst gjennom foreininga av kroppar. Enkeltpersonar, som trær, er synlege kvar einaste dag, sjølv om handlingane deira ikkje alltid er synlege ved første augekast. Som fellesskap står vi no overfor utfordringa med å drøyme og byggje ekte rom for kritikk, ønsker og forvandling, der vi tek omsyn til det som fører oss saman, og det som skil oss. Korfor ikkje starte frå eit radikalt fantasibilete, eller til og med eit eventyr, om det gjev oss eit verkemiddel for å nå målet?

Representerte kunstnarar: Lara Almarcegui, Helena Almeida, Kader Attia, Dora García, Célia Gondol, Amalia Pica, Rita Ponce de León og Tania Solomonoff, Alex Reynolds, Cecilia Vicuña.

I samarbeid medMARCO, Vigo og FRAC Lorraine, Metz(49 Nord 6 Est).

Kurator: Beatriz Alonso (Spania), vinnar av MARCO / 49 Nord 6 Est / SFKM-prisen for unge kuratorar 2016.

Koordinator: Ingrid Norum, SFKM

Omsetjing: Atle Kleppe

Med økonomisk støtte fråAcción Cultural Española - Programa para la Internacionalización de la Cultura Española og L’Institut Francais Norvège (www.france.no).