NIKOLAI ASTRUP (1880-1928)
Nikolai Astrup var fødd i Bremanger 1880, og flytte til prestegarden på Ålhus i Jølster i 1883 då faren, Christian Astrup, fekk presteembetet der. Som eldste son var det forventa at Astrup skulle verte prest – og femten år gamal byrja han på katedralskulen i Trondheim To år etter avslutta han studiane for å verte kunstnar. I Trondheim fekk han sine første møter med original kunst, og i ungdomsåra beundra han kunsten til Erik Werenskiold, Theodor Kittelsen og Gerhard Munthe. 

I 1899 byrja han i Harriet Backers private malarskule i Kristiania, og med støtte frå mesenen og kunstsamlaren Olaf Schou reiste han gjennom Tyskland til Paris i 1901–02. I Paris skreiv han seg inn som elev av Christian Krohg på Académie Colarossi – men allereie i mai 1902 var han attende i Jølster for å byrje på sitt livs kunstprosjekt. Seinare skal han ha uttalt at det var i Paris at Jølsters maleriske mulegheiter gjekk opp for han, truleg med inspirasjon frå kunsten til Henri Matisse, Maurice Denis, Paul Gauguin og Henri «tollaren» Rousseau. Rousseau hevda at naturen var læremeisteren hans, og det same kunne ein sagt om Nikolai Astrup: Jølsternaturen og særleg landskapa kring Ålhus og Sandalstrand, vart Astrups livslange kunstnarlege motiv. I 1905 stilte han ut bileta frå Jølster i Kristiania, og han vart heidra av kritikarane for å fange «Vestlandets sære, forunderlige Natur» i ei ny form. 

Astrup var særs oppteken av å halde seg orientert i kunstverda. Han abonnerte på både norske og internasjonale tidsskrift, og reiste på fleire studieturar, blant anna til London i 1908, til Berlin i 1911, og til København og Stockholm i 1916. I 1922–23 reiste han og kona Engel Astrup på ein begivenhetsrik reise gjennom Tyskland, Sveits og Italia til Algerie, og attende til Jølster via Spania og Frankrike. 

Etter eit liv som vart sterkt prega av astma og lungesjukdomar, døydde Astrup av lungebetennelse i januar 1928. På Astruptunet etterlet han seg kona Engel Astrup, som han vigde i 1907, og åtte barn i alderen 2 til 17 år. 

ASTRUPTUNET
Sandalstrand, som i dag er best kjent som Astruptunet, var Nikolai Astrups heim i 15 år. Kunstnaren kjøpte den gamle husmannsplassen i september 1912 for å bruke eigedomen som utmark, men etter ei konflikt med grunneigaren på Myklebust, der Astrup og familien hadde budd sidan 1911, flytte han til Sandalstrand i januar 1913. 

I 1912 var garden, som låg i ein hengande bratt bakke, i ei syrgjeleg fatning. Det fantes ikkje tilkomstveg, husa var falleferdige – og det gjekk ofte små ras nedover dei bratte bakkane. Astrup valte likevel å satse på plassen som ein framtidig heim for seg og den vaksande familien. Dei komande åra bygde han veg, ny løe, fleire nye hus og atelier – og han byrja å dyrke hagen. Den bratte bakken vart anlagt i torvgardar – som Astrup kalla for grøne veggar – og på dei vaks planteskular, grønsaker, bærbuskar, frukttre og rabarbra. Rabarbraen kalla han for «nordens drue», og i bygda var han særleg kjent for rabarbravinen som han brygga. I tillegg til å dyrke nytteplantar, utforska han òg planterikdomen med kryssing og poting. Kringom i hagen stod det både fletta bjørker og styva tre som likna trolske figurar. Men i følgje han sjølv var all denne eksperimenteringa ei «last».

Astrup skapte seg ein eventyrlig plass, og på 1920–talet byrja han å sjå seg nøgd med sine «hænders gjærninger». Då kunstnaren Ludvig Ravensberg og forfattaren Hans E. Kinck vitja Sandalstrand i 1922, vart dei ståande i rein undring:

Astrup, denne merkelige mand har beåndet alt på dette sted, bygget husene, befruktet og krysset plantene, opbygget tørvoldene, kjempet mot den barske natur, bygget stengrotter og avsatser. Her driver han avvekslende som snekker, gårdbruker, natur- og kulturmenneske. Kinck og jeg går i en eneste forundring (Ravensberg, 12.07.1922). 

På 1920–talet vart den nye heimen på Sandalstrand dessutan eit sentralt motiv i kunsten hans. Gjennom 24 maleri – her av fem stillebensinteriør og 19 landskapsmaleri, samt to tresnittmotiv i ulike versjonar kan ein få eit panorama av Astrups kanskje mest omfattande kunstverk – Astruptunet. 

SAMLINGA
Engel Astrup, Astrups kone, budde på Sandalstrand heilt fram til året ho døydde, 1966. Året før selte ho anlegget til Jølster kommune, og i avtalen frå 1965 fylgde alt av lausøyre og kunstverk som var tilhøyrande Astruptunet salet til den nye eigaren. Kommunen forplikta seg dessutan til «å halda ved like Astruptunet – eigedom, hus og alt som avtalen gjeld», med særleg vekt på at innreiinga av husa skulle vere slik Nikolai Astrup levde – «så langt det er ynskjeleg». Sjølv hadde Engel Astrup drive tunet som nærast som eit museum sidan 1930–talet. På 1930-talet fekk ho blant anna sett inn ei publikumstrapp til atelieret under ombygginga hovudhuset. 

Kjøpsbuet inkluderte dessutan den unike samlinga av Astrups trykkeplater. Sidan museet vart offisielt opna i 1986 har Astruptunet teke i mot fleire sjenerøse gåver og deponi frå Astrup-familien, Gjensidige, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sunnfjordlaget i Bergen og fleire private eigarar. I 1991 vart 51 verk frå den tidlegare Reksten-samlinga kjøpt via fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, blant anna Juninatt kl. 3, og som er ein blanding av teknikkane maleri og tresnitt. I tillegg til dette har museet fleire tekstilarbeid, blant anna to faner som er måla av Nikolai Astrup og åtte vevnadar etter kunstnarens design. Samlinga huser òg trykkeutstyret og eit utval av Engel Astrups tekstilkunst – eit arbeid som vitnar om ei nyskaping av den tradisjonelle treskurden.

av Tove Kårstad Haugsbø
førstekonservator
Nikolai Astrup forskningssenter for kunst og landskap, KODE Bergen