PERFORMANCEN SLOW 1. JUNI KL. 19-21, KULTURNATT I FØRDE

Som ein del av utstillinga Tretoppanes blygskap vil kunstnaren Célia Gondol og dansaren Antoine Roux-Briffaud gjennomføre performancen Slow i lag med 7 frivillige dansarar frå Førde under Kulturnatt i Førde. Dei inviterer gjennom heile performancen publikum til å dele eit augeblikk med "slow" med dei. Slow er ein dans som ein kvar enkelt kan oppleve og er ikkje relatert til ein spesiell "koreografi". Den byr på enklaste måte gjennom dans, på forføring eller ømheit: to personer følgjer kvarandre gjennom ein song.

Slow er ein invitasjon. Den kan dansast av to kvinner, ein mann og ei kvinne, to menn, barn, av alle kjønn og folk i alle aldre. Utøvarane held mellom kvarandre eit bananblad og syng frå tid til anna ein Ritornello. Ritornelloane som dansarane nynnar på går nokre gonger over i eit gruppekor som gjer at stemma vert høgare og meir fysisk i rommet.

Célia Gondol (fødd 1985 i Grenoble og bur i Paris) er biletkunstnar og dansar. Framgangsmåten hennar er konstant merksemd. Inngrepa og installasjonane hennar plasserer seg i det ein kan kalle erfaringa si tid. Arbeidet hennar skriv seg inn i ulike felt som astrofysikk og koreografi, eller til og med filosofi og det åndelege. Gjennom installasjonane, performancane og videoane hennar, artikulerast ei rørsle eller ei stemme; kunstnaren undersøkjer grensene for representasjon og moglegheitene for overføringar eller tolkingar som eit kunstverk kan ha i seg. Kvar arbeidsøkt kan slik vere tenkt for å kunne spelast igjen, tolkast igjen, overførast og vidareførast.

I 2014 fekk Célia sitt diplom (DNSAP) ved l’École Nationale Supérieure des Beaux-Arts de Paris i verkstadane til Ann Veronica Janssens og Emmanuel Saulnier. Nyleg tok ho del i utstillinga "Les mains sans sommeil" ved Hermès Corporate Foundation i Palais de Tokyo, "Sculper (faire à l’atelier)" ved La Criée/ FRAC Bretagne, og i 2017 presenterte ho performancen "Slow" som ein del av «Do Disturb» ved Palais de Tokyo og som ein del av Verbo ved Galeria Vermelho i São Paulo. Parallelt arbeider Célia Gondol som tolk for ulike danseselskap.

Antoine Roux-Briffaud (fødd i 1986 i Vendée, bur og arbeider i Paris) er dansar og tolk. Han byrja med å danse folkedans i Vest-Frankrike, og gjekk deretter over til moderne dans, noko som førde til dansestudiar og uteksaminering frå Conservatoire National Supérieur Musique et Danse de Lyon (CNSMD) i 2007. Han arbeidde først som tolk, hovudsakleg med Yuval Pick (The Guests Company - Lyon) og Roberto Zappalà (Compagnia Zappalà Danza - Catania). Han har òg vore involvert i andre uavhengige prosjekt (opera, performancar ...). Frå 2011 til 2015 følgde han Yuval Pick til det permanente danseselskapet ved Centre Choréographique National de Rillieux-la-Pape (CCNR). I 2016 gjekk han attende til frilansing og var med på Martin Forsberg (Forsworks - København) og Christian Rizzo sine skaparverk ved Institut Choréographique International - CCN Montpellier. I 2017 var han med på Ambra Senatores skaparverk i (CCN Nantes). Antoine har ein bachelor i statsvitenskap og den franske statlege diplomen for å kunne undervise i moderne dans.

Performancen vert gjennomført med støtte frå Institut francais de Norvège.

ifkn