OFFISIELL OPNING AV KUNSTNARHEIMEN - ENGEL OG NIKOLAI ASTRUP, 25. MAI KL. 18

ved Karen Marie Hjelmeseter, leiar for hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Nikolai Astrup sin grafikk er sentral i samlinga ved Astruptunet. Her finn ein eit eksemplar av dei aller fleste trykka og her finn ein òg dei fleste trykkplatene. Det som er mindre kjend, er kona Engel Astrup sine tekstiltrykk.

Då Nikolai Astrup fekk i oppdrag å kopiere dei gamle trykte bunadsforklea til Sunnfjordbunaden i 1925, meinte han at dette var eit oppdrag for kona Engel. Rundt 1926 reiste ho til Amble gård i Kaupanger for å lære den gamle trykketeknikken. Der kopierte ho treskurd, kisteroser og treklisjear, som vart brukt til lintrykk i eldre tider.

I De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum finn ein eksempel på stofftrykk som kom frå Sandvig sine samlingar på Maihaugen i Lillehammer. Desse var tilgjengeleg då Engel vitja Kaupanger, og vi har funne att dei fleste av desse mønstra i Engel sine trykte gardiner. Dette vart starten på eit spennande kunstprosjekt for Engel. På same måte som Nikolai eksperimenterte med sine tresnitt, gjorde Engel variasjonar på sine bunadsforkle, både i fargar, form og storleik. Vi kan mellom anna nemne at fallskjermduk frå krigsåra vart nytta til bunadsforkle, og sukker- og kveitemjølssekkar til gardin og dukar.

Bunadsforkle, gardiner, borddukar og border vart trykt i hopetal av Engel, og gav nok kjærkomne inntekter. Det er fortsatt mangelfull informasjon om Engel sin produksjon og hennar liv. Så vi ynskjer med denne utstillinga å knytte kontakt med publikum, slik at vi kan få ei betre oversikt over hennar produksjon.

Engel og Nikolai Astrup var meir enn eit ektepar. Den støtta og forståinga Engel hadde for Nikolai sitt kunstnarskap, var heilt avgjerande for Nikolai Astrup sin produksjon. Engel var fleire gonger modell i Astrup sine bilete, som i «Fødselsdag i hagen». Dette var eit sentralt verk, som Nikolai truleg malte på frå 1911 og fram til sin død. Det var eit bilete han aldri kvitta seg med. Kanskje var det eit særskild familieminne, der Engel og alle søskena hans var samla i Prestegården på Ålhus for siste gang, før dei «vart spreidd for alle vindar».

I eit brev frå 1909 skreiv Nikolai: «Jeg har ikke raad at miste hende, det var omtrent forbi med mig den gang jeg traf hende, og jeg skylder hende at livskraften den gang blusset op i mig.»

Då Nikolai døydde heldt Engel fram med livet sitt i Astruptunet, både med gardsdrifta og tekstiltrykka sine. Då Jølster husflidslag vart skipa i 1939 vart Engel vald til varaformann og same år deltok ho på utstilling i Bergens Kunstforening med handtrykte dukar. I 1965 selde ho eigedomen til Jølster kommune, med ein klar bodskap, her skulle det byggast eit eldfast bygg til å huse kunsten og ein skulle jobbe for å få kunst attende til Astruptunet. Det er difor ei stor glede i år å få vise «Kunstnarheimen – Engel og Nikolai Astrup».

Kurator: Solveig Berg Lofnes, SFKM. 
Ta kontakt på tlf. 99202676 om du har meir informasjon om Engel sine arbeid. Vi vil gjerne avfotografere tekstilar som er i privat eige.

Fotografi: Engel Astrup, Gardin med stofftrykk, ukjend år. Fotograf: S.B. Lofnes.