SAMLINGA VED SFKM I FØRDE
Samlinga tel i overkant av 1000 verk, biletkunst og kunshandverk, frå om lag 1900 og fram til i dag. Den har eit regionalt og nasjonalt tilsnitt med hovudtyngde frå tida etter 1970, og er i hovudsak bygd på overføringar frå Norsk Kulturråd (1988-2006) og eigne innkjøp, særleg frå eigen utstillingsaktivitet (1987 til i dag). Slik dokumenterer museet òg eiga verksemd over år. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har eit kunstfagleg råd som vurderer innkjøp, gåver og deponi.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har ansvar for regional kunsthistorie frå om lag 1900 og fram til i dag, formidling av samtidskunst og informasjon om kunstnarar. Vi produserer basisutstillingar med kunst frå eigne samlingar, på totalt om lag 4000 kunstverk, skiftande utstillingar med samtidskunst og pedagogiske tilbod til skulane. I tillegg har museet kunst- og bokbutikk og kafé.