NICOLINE VAN HARSKAMP, DARLING GOOD NIGHT, 2015

SFKM gjekk i vår til innkjøp av van Harskamp sitt verk til samlinga. Verket vart laga i Førde og Jølster hausten 2015, i høve den internasjonale samarbeidsutstillinga Omsetjarens røyst. Vi syner det i høgsalen gjennom sommaren. 

"Darling Good Night" er satt saman av eit lydspor lagt oppå ein video av ein stille innsjø (Jølstravatnet). Lyden registrerer historiane til personar som fortel om sine "språklege reiser" frå Eritrea, Syria, Etiopia og Sudan til Europa. Jølstralandskapet i videoen er deira eksakte utsikt medan dei venter på å få opphaldsløyve og lærer seg nynorsk.

Video, 16min 3sek

Dei som vert intervjua: anonyme bebuarar ved Jølster flyktningmottak på Vassenden (no nedlagd) og flyktningar med opphaldsløyve i Førde. 
Kamera: Ole Johnny Devik
Lydmiks: Slobodan Bajic
Takk til: Martin Waldmeier, Berhanu Mekonen og Ingrid Norum
Realisert med støtte frå: Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde