EG VEL MEG EIT VERK I UTSTILLINGA KROPP & SJEL

Elisabeth Steen, Ensom I, 1978
Bronse, SFKM 1091, Gåve frå Norsk Kulturråd 1988

Dama i sjeselongen
«Trist, den gamle dama er lei seg». Det er det vanlegaste svaret når ein spør ungane om kva dei ser og  kva dei trur dette verket utrykker. Det kjem før dei har lese etiketten på veggen. Utrykket i andletet  er lite og inkje lesande. «Jammen de ser då ikkje utrykket i andletet hennar». Dei held på sitt. «Dama er gammal og ho er trist». Det er noko dei har sett og veit. Det er haldninga, måten ho sitt på. Dette ein ser og les i augneblinken som ligg oss så djupt i forståing at vi snautt merkar og tenkjer over det. Kroppsspråket som speglar kjenslene. Ingen kan sjå gleda like lite som vi ser sorg, men vi ser at folk gledst, vi ser at dei sørgjer. Det speglast i utrykk, haldning. Det er dette eg opplever at kunstnaren har formidla. Ei  kjensle, eit liv støypt i  ein bronsefigur. Ein tilstand, ei historie vi kan dikte, eit liv å fortelje. Den aldrande dama i sofakråa. Uroleg ventande sit ho og held seg i handveska. Kvar er ho? På eit venterom i ein korridor på ein institusjon? I alle høve ikkje heime, ingen sit slik og held på ei veske heime i si eiga stove. Overlaten, forlaten, åleine. Det er sagt at menneske er ei øy i eit hav av einsemd. Når ein eldest flør havet og strendene der bårene gløymsel og einsemd stendig bryt hardare vert  mindre. Båe bilete på aldring og einsemd. Den eine i bronse, den andre i ord, støypast i hop.

Fridtjov Urdal
Utstillingssekretær