BKH-STIPEND 2018 TIL KARINA SIEGMUND

Kunstnaren arbeider med installasjonar der ho kombinerer tradisjonelt tekstilhandverk med moderne teknologi i form av nye materialar og audiovisuelle media. Ho tek utgangspunkt i naturen der ho hentar inspirasjon frå element som vind, vær og lys. Stipendet skal nyttast til å skape eit nytt og ambisiøst verk til hennar separatutstilling i Sogn og Fjordane Kunstmuseum hausten 2019.

Prosjektet byggjer vidare på kunstnarens tidlegare arbeid med audiovisuell biletvev. Ho vil veve ved bruk av lysfiber. Motiv «sanka inn» frå naturen, via foto, video, lyd og studiar av lys, vil verte mønsterskapande element for biletveven, ved bruk av digital vevteknologi. Samstundes er handveving ein viktig prosess i hennar materialbaserte arbeid. Det taktile elementet engasjerer sansane meir enn synet. Til utstillinga vil ho nytte motiv frå natur og vær på Stadlandet. Arbeidet peiker på at med den veksande digitaliseringa av verda vert menneska meir og meir kobla frå naturen. Kva rolle speler natur i liva våre i dag? Det er mange interessante aspekt ved prosjektet, både den nyskapande teknologien og måten å nytte og vidareutvikle handverket på, og problemstillingane ho tek opp i og reflekterar rundt i arbeidet sitt.

Det er ei glede for Musea i Sogn og Fjordane å kunne gje Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt BKH stipend for 2018, på kr. 100 000 til kunstnaren Karina Siegmund og prosjektet «Biophilia hypothesis».