UNDERSKRIVING AV AVTALE OM IVARETAKING AV KUNSTSENTERFUNKSJONANE VED SFKM

Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge og Musea i Sogn og Fjordane er glade for å ha underteikna ein ny avtale om ivaretaking av kunstsenterfunksjonane ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Dei fleste fylker i Noreg har eit kunstnareigd og kunstnarstyrt Kunstsenter. Etter 2003 er det Sogn og Fjordane Kunstmuseum som har hatt ansvaret for ivaretaking av kunstsenterfunksjonane i Sogn og Fjordane.

Etter fusjonen, mellom Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Musea i Sogn og Fjordane, var det på tide å få på plass ein ny avtale om kunstsenterfunksjonane tilpassa dagens forhold og behov.

Vi trur avtalen blir eit godt grunnlag for vidare samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum når det gjeld kompetanseutvikling, formidling, visning og bruk av ny samtidskunst i Sogn og Fjordane - til beste for publikum, kunstnarane, Kunstmuseet og Musea i Sogn og Fjordane.

Førde, 12.12.2018
Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge, Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og Musea i Sogn og Fjordane

Kontaktperson:
Kjartan Aa Berge
Tlf 414 46 439
Adm. direktør Musea i Sogn og Fjordane

 

På biletet, frå venstre: Laura Kvamme (styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane), Kjartan Aa Berge (administrerande direktør ved Musea i Sogn og Fjordane), Aud Marit Skarrebo Holmen (styreleiar i Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane) og Anneli Belsvik Aras (Regionleiar for Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge)