Utstillinga har ein tverrfagleg appell, der matematikk, formgjeving, norsk og musikk kanskje er dei mest openberre koplingane.
Utstillinga vil høve godt for vidaregåande skule, men òg for elevar i gunnskulen.
Matematikk
Anten det er formeltrøytte eller særleg interesserte elevar vil utstillinga kunne vere eit friskt apropos til matematikken. Stikkord som ligg nær er irrasjonelle tal og grafisk framstilling av ulike numeriske og geometriske forløp i tid og rom. Tilhøvet mellom rein og anvendt matematikk, uendelege talrekker og matematikken si evne til å uttrykke tid og rom.
I tillegg til Beret Aksnes framstilling av irrasjonelle tal finn vi og Annika Borg sine årelange terningkastserier –tilfellet sine hendingar i eit sekstal-system – bokførd sidan 1. september 1994. Nokre av dagane også grafisk framstilt i ulik estetisk drakt. 101 kast kvar dag. Statistisk sett kan dagen då ho berre får einarar like gjerne komme i morgon som om ein milliard år.
I Per Formo sitt veggmåleri i den inste salen i Kunstsenteret kan elevane òg sjå hjelpelinene med blyant svakt avteikna på veggen. Eit nøyaktig nettverk av sirklar der diameterlina roterer 45 grader for kvar sirkelposisjon i horisontal og vertikal retning gjev grunnlag til Formo sine bølgjande 3D-illusjonar. Flate er dei, men auget sine reknekunster lagar likevel rom av dei anten vi vil eller ikkje.
Dette er ei utstilling både Euklid, Riemann og Einstein ville invitert venene sine til å sjå!
Norsk
Her får elevane møte visuelle uttrykk som på på ulike vis òg har parallellar i litteraturen. Ein kan kanskje hevde at terningkast ikkje er mykje til fridom å skape kunst rundt, men kva med haikudiktaren som sit der med sine sytten stavingar i fem – sju – fem til å uttrykke livet og årstida i? Vi kan skrive om liv, hav, død og kjærleik, men berre på eit underlag av teikn og reglar. Vokabular, grammatikk, sjanger, versefot. Kvar litterær uttrykksform har sine avgrensingar – som igjen opnar ulike dører til lesaren sine opplevingar av den same teksten – men i ny oppleving.
Formgjeving
Mønster i visuelle uttrykk er eldre enn historia, og over heile kloden finn vi ulike repeterande mønsteruttrykk. Dei meir avanserte er ofte bygd opp over eit underliggjande skjema av sirklar og liner – som Per Formo tek eit steg vidare og får til å ta av frå flata. Sjølv om dei tre kunstnarane sin syn:tese er ny under sola, så står dei med solid rotfeste i kunsthistoria. Og her er det heller ikkje vanskeleg å vere konkret i referansane, anten vi peiker på dei geometriske mønstra som smykker moskeen i kulturar der biletforbodet vert handheva, eller Jacqard sin binære holkortvev, dataskjemen sin pausedrodling eller villdyra sin dans over Urneskyrkja.
RLE og musikk
Kan utstillinga i tillegg ha relevans både til RLE og musikk.
Utstillinga gjev òg høve til å diskutere og reflektere over ulike tilhøve rundt korleis kunst kan verte produsert.