NYHENDE

Kurator/formidlar – 12 månaders engasjement (med moglegheit for forlenging)
Søknadsfrist: 12. november 2019

Laurdag 9.11.2019, kl. 14:
Folkemusikkprogram ved Ingrid Schei Stuhaug, fele og Ole Nilssen, trekkspel.

Velkomen til laurdagskonsert med dei nye distriktsmusikarane i folkemusikk ved Sunnfjord kulturskule!

Ole Nilssen (trekkspel) og Ingrid Schei Stuhaug (hardingfele) held denne ettermiddagen konsert saman for første gong, og på repertoarlista står nokre av deira favoritt-slåttar frå aust og vest i landet.

Billettpris: kr 150,- per billett for vaksne, og kr 100,- for barn

Fredag 8.november kl. 18 Mørketidskonsert med Stig Ulv på ANDERS SVOR MUSEUM.
17:00 Omvising med Fridjov Urdal
18:00 "Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldan som eit friminutt frå stress og mas. Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre. Vi skrur av alt lyset og fjernar alle sansar utanom høyrsla. Lat som du sit åleine og har privatkonsert. Dette blir rett og slett magisk."

SØNDAG 24. NOVEMBER KL. 14-16 VED SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM.