NYHENDE

Sogn og Fjordane Kunstmuseum inviterer til gjestebod tysdag 6. november kl. 17.30

Lansering av jubileumsboka «ODDVAR TORSHEIM – LYST & LAST» (gjeve ut på Skald forlag).
Forfattar Lars Elton kåserer og Oddvar Torsheim signerer.
Kaffi og kaker.

Hjarteleg velkommen!

mplogo

I 2018 lanserer vi i Musea i Sogn og Fjordane ei nyhende! Vi kan no by deg museumspass.
Med dette passet får du fri inngang og du kan oppleve 13 unike museumsopplevingar i Sogn og Fjordane.

Passet vil gje deg tilgang til interessante utstillingar, guida turar, å nyte fredelege vandringar i våre friluftsmuseum, aktivitetar og arrangement (arrangert av museet).

Velkomen til mange gode opplevingar i året som kjem!

No finn du nokre av dei mest kjende verka av Nikolai Astrup på Digitaltmuseum. Meir vil komme etter kvart som vi arbeider med samlinga på over 320 verk. Du kan mellom anna sjå 125 tidlegare upubliserte skisser. Om lag halvparten av dei er mest sannsynleg frå studietida i Paris i 1902, då skisseboka dei er ein del av har stempel frå ein utstyrsbutikk for kunstnarar i den franske hovudstaden og motiva kan sjå ut til å vere derifrå.