Kvinner som vever med tekstilar i bakgrunnen, frå De Heibergske Samlinger.

 

Sogn og Fjordane Kunstmuseum markerer 8. mars med pop-uputstillinga "Tråd og tradisjon".
Utstillinga opnar klokka 14.00, før 8. marsmarkeringa i Førde klokka 16.00. Utstillinga vil og vere mogleg å sjå tysdag 10. mars og onsdag 11. mars på museet.

Om utstillinga:
«Jeg knytter ei silke,
jeg knytter ei gull,
min tråd er av ull» 
- Claus Frimann.

Urd, Verdande og Skuld heitte dei tre nornene som vov trådane til livsveven - Veven og den rennande tråden har lang symbolsk tradisjon.

I høve kvinnedagen har vi valt oss «firs i damer» -- Kjerstina Vangsnes, Astrid Myklebust og Elisabeth Haarr. Dei er alle på kvar si vis sterke tradisjonsberande kvinnelege kunstnarar.

Kjerstina Vangsnes (1867-1915) fekk i oppdrag av Arkitekt Blix å kopiere eit gamalt teppe med kongemotiv frå Hove kyrkje. Ho var av dei få som nytta seg av den gamle vevteknikken i biletveven Dette kom Randi Blehr for øyre. Ho var ikkje bere ei framståande kvinnesakskvinne, men og i vidaste forstand ein kultur- og samfunnsbyggjar. Ho budde den gong i Lærdal. Ho skjøna at skulle ikkje dette døy ut, måtte det opplæring og kunnskap til. Randi Blehr fekk i gang kurs, med Kjerstina som lærar. Ei av dei som kom, var ei «fallert kjøpmannsfrue frå Stavanger», Frida Hansen. Ho vart den som løfta norsk vevkunst inn i samtidsstil og uttrykk. Av den gamle stuven voks nye renningar.

Astrid Myklebust (1934-2007), frå Stardalen i Jølster, hadde læretid og samarbeid med Synnøve Anker Aurdal i hennar atelier, og var seinare i mange år lærar på Statens formingslærarskule og på Kunsthandverkskulen i Bergen, før ho kom heim og slo seg til i barndomsbygda.

Kjellaug Haugen Holter (1922-2017) voks opp i Loen i Stryn og studerte både ved Bergen kunsthåndverkskole, Statens handverks- og kunstindustriskule, samt Statens kunstakademi. Ho byrja med måling, men frå 1960-talet av gjekk ho meir og meir over i det tekstile utrykk. Debuterte som tekstilkunstnar i 1970. Landskapsmotivet fylgde med inn i biletteppe. Ho tok opp samtidsemne og hadde tydelege standpunkt til hendingar i samtida. På det viset knytte ho seg og til tradisjonen etter Hannah Ryggen og kom i rytme med ei rad langt yngre kunstnarar. Teppet «Den som er utan synd» som no er SFKM si eige syner ein religiøs tematikk.

Elisabeth Haarr (1945-) har vore lærar på Heimyrkeskulen i Jølster og seinare professor på Vestlandets kunstakademi. Ho har brukt tekstilkunsten meiningsberande, og ført vidare tradisjonen frå Hannah Ryggen. Teppet er forma for å bera ei meining, ein protest.

Dei fire kunstnarane har alle sjølvstendige uttrykk for ein lang tradisjon, som skal vare så lenge skyttelen går og bommen slår.

Kongeteppet til Kjerstina Vangsnes er til vanleg å sjå i Hove Kyrkje i Vik. Vi takkar Fortidsminneforeininga for utlånet. Teppet til Astrid Myklebust er innlånt frå Jølstramuseet v/Heidi Årdal og Chile-teppet, av Elisabeth Haarr er innlånt frå Kjersti og Olve Steinset. Takk og til desse.

 

Foto: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum