BILETBYRÅ

Gjennom Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) kan du leige høgoppløyselege digitale fotografi av over 4000 kunstverk frå samlingane til SFKM i Førde, Astruptunet og Eikaasgalleriet i Jølster og Gjesmesamlinga ved Sogn Kunstsenter i Lærdal. 

Ein del av kunstverka i samlingane er digitalisert og arbeidet med å digitalisere fleire held fram kontinuerleg. SFKM har diverre ikkje ein eigen fotograf, men dei tilsette arbeider med forvalting, registrering og fotografering av samlingane på dagleg basis. Målet på sikt er å kunne dele høgoppløyselege fotofiler av alle verka.

For å tinge bilete send oss ein e-post på sfkm@misf.no og gje oss: 

  • Informasjon om deg (namn, e-post, adresse, fakturaadresse, postnr, poststed og telefon)
  • Kva du ønskjer å bruke biletet til, kva storleik du treng på fila, korleis du helst vil ha det levert
  • Evt. anna om lånet 

Vi sender deg så ein biletutlånsavtale per e-post kor du får informasjon om oppdaterte vilkår, prisar og rettigheiter.

Du kan òg laste ned verk som har falt i det fri (meir enn 70 år sidan kunstnaren gjekk bort) til ikkje-kommersiell bruk frå våre samlingar på nett: https://digitaltmuseum.no/owners/SFKM

Leveringstid på bilete som er digitalisert er ein til to kvardagar etter at du har godkjent biletutlånsavtala. Ved fotografering av verk som ikkje er allereie er digitalisert vil leveringstida vere ca. 14 dagar.

Brorparten av kunstverka SFKM forvaltar er framleis opphavsrettsleg verna. 
Brukaren er sjølv ansvarleg for å hente inn naudsynte løyve for bruk frå opphavspersonen og andre rettigheitshavarar. For spørsmål og evt. løyve kontakt BONO på bono@bono.no.

Om åndsverk og opphavsrett: 
Opphavsrett, den rett en forfatter eller skapende kunstner har til sine åndsverk. I Norge reguleres opphavsretten først og fremst av lov om opphavsrett til åndsverk av 12. mai 1961 (åndsverkloven). Som åndsverk ansees frembringelser på det litterære, vitenskapelige eller kunstneriske område (herunder også fotokunsten), som fremtrer som resultat av individuell, skapende åndsinnsats fra opphavsmannens side. Datamaskinprogrammer omfattes av opphavsrett når dette vilkåret er oppfylt, se dataprogram. Opphavsmannen har enerett til å fremstille eksemplarer av verket og til å gjøre det tilgjengelig for allmennheten, dvs. å spre eller vise eksemplar av verket utenfor det private område, eller å fremføre verket offentlig enten dette skjer direkte for publikum på stedet eller ved overføring, så som ved kringkasting eller ved at verket legges ut på Internett.
Ikke bare norske verk er gjenstand for opphavsrett, men alle verk som har krav på vern etter Bernkonvensjonen, Verdenskonvensjonen om opphavsrett eller TRIPS-avtalen”.


Vernetid. Opphavsretten er imidlertid ikke evigvarende. Vernetiden for norske verk og verk fra EØS-land er som hovedregel 70 år etter utløpet av opphavsmannens dødsår. De fleste andre land har kortere vernetid – oftest 50 år etter utløpet av dødsåret – og hvis verkets hjemland har en vernetid som er kortere enn 70 år, forkortes vernetiden for det også i Norge”.

KJELDER: 
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1961-05-12-2
https://snl.no/opphavsrett