BOKLANSERING ODDVAR TORSHEIM - ULYZES VED SFKM

TORSDAG 21. NOVEMBER 15:30-17:00.


Velkomne til lansering av årets vakraste (Torsheim)bok: Ulyzes – frå skissebøkene. Hovudpersonen er sjølvsagt på plass, og har med seg forleggar Lars Nes og ein god bunke rykande ferske bøker.

Sidan 1970-åra har Torsheim alltid hatt ei skisseblokk med seg, anten han er heime, ute på dei daglege spaserturane sine, eller på reise. I desse noterer han flittig innfall, små tekstar og skisser som seinare kan bli kunstverk.

No har Torsheim gått gjennom dette rikhaldige materialet saman med bokdesignar Silje Nes. Fleire tusen sider har blitt komprimert til ei samling skisser, der du vil dra kjensel på nokre som kjende verk, medan andre syner meir ukjende sider ved den mangfaldige og folkekjære multikunstnaren Oddvar Torsheim.