GEIR S. HJETLAND er mottakar av Sogn og Fjordane Kunstmuseums produksjonsstipend 2019

 

Kunstfagleg råd ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum gjorde i møte 18.11.2019 einstemmig vedtak om å innstille biletkunstnar Geir S. Hjetland til det regionale BKH-stipendet 2019 på kr 100.000. Styret for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane slutta seg til innstillinga i møte måndag 9. desember.

Vi gratulerer!

Tildelinga av stipendet skal gje kunstnaren høve til å utvikle arbeidsprosessar knytt til kunstnarleg produksjon innan metall, rustfritt stål og støypearbeid. Kunstfagleg råd peikar på Hjetlands tidlegare arbeid og vil med dette stimulere til vidare eksperimentering, fagleg eigenutvikling og utstillingsverksemd.

 

BKH regionale tildelingar

BKH-logoStipendet «Delegerte tildelingar» frå Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) har som formål å styrke det regionale kunstfeltet knytt til kunstsenteras verksemd. Kunstsenter som er slutta til Kunstsentrene i Norge (KiN) kan søke om midlar til eigne stipend eller prosjektstøtteordningar: 
https://kunstfond.no/tilskuddsordningerogstipend#delegerte-tildelinger

Sogn og Fjordane Kunstmuseum ivaretar kunstsenterfunksjonane i fylket.

 

Geir S. Hjetlands heimesider: https://www.geirhjetland.com