HAR DU NOKO I HEIMEN DIN KNYTT TIL KUNSTNAREN NIKOLAI ASTRUP?

Nikolai Astrup forskningssenter ved KODE kjem til Eikaasgalleriet i Jølster onsdag 5. juni frå 15-19, og søker brev, fotografi, notater og anna som kan være ei vesentlig kjelde i arbeidet for å auke kunnskapen om Astrup, livet i Jølster og kunsten hans. Dei inviterer alle som har ukjent eller uregistrert arkivmateriale knytt til Astrup til å dele si historie med dei.

STIKK INNOM
Onsdag 5. juni kl. 15-19 finn du dei på Eikaasgalleriet. Dei steller seg til med dokumentasjon- og digitaliseringsutstyr – og byr dessutan på litt kaffi og småprat medan skannaren går. Andre som har ei historie å fortelje eller undrar litt på kva dette handlar om er også hjarteleg velkomne!

KVIFOR GJER VI DETTE?
Nikolai Astrup forskingsenter ved KODE arbeider målretta for å posisjonere Astrup som ein unik og innovativ kunstnar i den tidlege modernismen, i nasjonale så vel som internasjonale kunsthistorier. Ein viktig del av arbeidet er å lage ein oversikt, ein catalogue raisonné, over alle kunstverka Astrup har laga – for det finnes faktisk ikkje per i dag!

– Arkivmateriale som brev, dagbøker, upubliserte artiklar, osv, er ei vesentleg kjelde for å auke kunnskapen om Astrup, livet i Jølster og kunsten hans. Derfor vonar dei publikum no vil hjelpe dei, seier fagansvarleg ved Astrupsenteret, Tove Haugsbø.

Haugsbø blir altså å treffe på Eikaasgalleriet onsdag 5. juni, saman med arkivansvarleg Tor Martin Leknes og prosjektmedarbeider Eirik Tjervåg. Om du har spørsmål kan dei kontaktas på mail astrup@kodebergen.no