INNKJØP TIL SAMLINGANE FRÅ MØNSTRING 2018

I februar gjorde SFKM innkjøp av 5 verk til samlinga frå utstillinga «Mønstring 2018»– ei utstilling for kunsthandverk og biletkunst av organiserte kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane. Utstillinga vert arrangert kvart tredje år ved SFKM i Førde og har ein lang tradisjon. Dei som vart kjøpt inn arbeider både innanfor kunsthandverk og biletkunst med alt frå installasjon og maleri til tekstil og keramikk. Dei 4 kunstnarane representerer 3 ulike generasjonar, men alle verka er laga i 2018. Dei som vart kjøpt inn er: 

Marit Thingnæs (1938), «Babettes gjestebod», installasjon med kjøkenredskap i tre
Magni Jensen (1953), Ovalt fat (I og II), vedfyrt steingods
Vilde Jensen Hjetland (1987), «Halde fast», skulptur, saum av saueskinnskapp og stativ i rustfritt stål
Bjarne Svanøe (1954), «Hage», olje på lerret
 

Foto: Marit Thingnæs framfor verket Babettes gjestebod, 2018