LAURDAG 6. APRIL KL. 13: PIANOKONSERT MED MUSIKK AV BACH, CHOPIN, GRIEG OG GUBAIDULINA

Pianist Jon Kristian Bye kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag og er utdanna frå NTNU, Institutt for Musikk i Trondheim. Han er utdanna klassisk pianist, med ein mastergrad i ny musikk. Jon Kristian har prosjekt både som solist, akkompagnatør, kammermusikar og i band, og jobbar innafor fleire sjangre. I 2012 var han solist med Trondheim Sinfonietta ved urfremføringa av Julian Skars pianokonsert «Transcend and Transform». Dei siste åra har han hatt engasjement på m.a. Trondheim Kammermusikkfestival, Soddjazz og Inderøyfest, og frå 2016 har han fast jobb som distriktsmusikar på piano i Førde.

Stad: Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde.
Konserten varar i ca. 45 min.

Vaksen: kr. 50,-
Student / honnør: kr. 35,-
Barn / Kulturskuleelevar går gratis.

Eit samarbeid med Distriktsmusikarane i Førde.