Rustan Andersson

Når Hans Gude måla vestlandsfjordar på 1800-talet, var han ikkje stadbunden. Ei skisse teikna ein sommar i Noreg kunne bli eit måleri i Tyskland neste vinter. I dag kan vi ikkje sjå kor det er måla.

I SFKM si samling har vi verk som på liknande vis bevegar seg mellom ein fjord og Noreg. Eller mellom Noreg og verda. Nokre lokale kunstnarar har aldri budd her, og andre har flytta inn. Nokre verk er tatt inn i samlinga for å vise ei nasjonal kunsthistorie og har ikkje anna tilknyting til regionen.

I denne samlingsutstillinga synar SFKM fram eit utval av museet sin kunst frå 1980- og 90-talet, med nokre sidesteg framover og bakover i tid. I kraft av vår historie som både Fylkesgalleri og kunstnarsenter er SFKM del av ei spennande historie. Samlinga har ikkje nødvendigvis det ein forventar å finne frå ei periode. I staden blir ein møtt av understrømmingar, utprøving og eit stort hjarte for staden Sogn og Fjordane i seg sjølv. Ny, ung kunst har vore prioritert framfor det etablerte, og måleriet, 1980-talets store omdreiingspunkt i Noreg, er nesten fråverande. Pappboksar, tre og fotografi fyller i staden Høgsalen. I dag gjer dette samlinga til ein uvurderleg kjelde inn i endringar på kunstscena i fylket og Noreg gjennom 1980- og 90-talet.

På den måten kan ytterkantar få plass i sentrum av historia. Noko har over tid blitt tatt inn i ei nasjonal soge, andre verk har falt i gløymsel gjennom 30 år. Utstillinga er ei utforsking av SFKM sine samlingar, like mykje som av enkelte kunstverk i ho. Kva blei eigentleg samla inn i Sogn og Fjordane for 30 år sidan, og kva skjer når ein setter det saman igjen i dag?

 

Kurator: Eirin Mailund Svendsen, kurator/formidlar ved SFKM