I samband med utstillinga 20 Coastal Stations arrangerer vi grafisk verkstad for born. Inspiratorar og verkstadleiarar er to av dei utstillande kunstnarane; Karen Helga Maurstig og Bess Frimodig. Dei vil først ta barna med på ei inspirasjonsrunde i utstillinga, der dei vil få sjå japansk mokuhanga-tresnitt, før dei tek til med utprøving av ulike grafiske teknikkar i verkstaden. 

Mellom arbeidsbolkane vert det servert Japansk lunsj frå kafé Sobra.
Deltakaravgift er kr 150.- og dekkjer både verkstadmateriell og lunsj.

Påmeldingsfrist er torsdag 6. oktober. Påmelding til sfkm@misf.museum.no  eller på tlf. 97 42 15 65.
Først til mølla prinsippet gjeld.
Hjarteleg velkomen!