Maia Birkeland

 

SØKE UTSTILLINGSPLASS VED SFKM?

I tråd med avtale om ivaretaking av kunstsenterfunksjonar i Sogn og Fjordane, inviterer Sogn og Fjordane Kunstmuseum kvart år kunstnarar til å søke utstillingsplass hos oss. Søknadane blir handsama av Kunstfagleg råd som består av tre medlemar: direktør ved kunstmuseet, samt ein representant frå Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og ein representant frå Norske Kunsthåndverkere-Vestnorge. Årleg søknadsfrist er 31.10.  

Vi tek for tida ikkje imot nye søknadar.

KVEN KAN SØKE?

Alle biletkunstnarar og kunsthandverkarar kan søke.

Om søknaden gjeld eit gruppeprosjekt, vil ein person måtte representere gruppa.

Vi oppmodar søkar til å legge fram prosjekt som ikkje har vore vist tidlegare og som er produsert innanfor dei siste 5 åra.

 

KORLEIS SØKE?

Søkaren er pliktig til å legge ved følgande dokumentasjon i EIT dokument (PDF, maks. 5 MB):

 

Administrative detaljar

- Namn, addresse, telefonnummer og e-post adresse.

- Nettsideadresse om ein har det.

- Ein kortfatta CV (som òg inneheld fødselsår og stad).

 

Kunstprosjekt

- Tittel

- Detaljert omtale av prosjektet (maks 2 sider)

- Liste over deltakarar om gruppeutstilling

- Liste over kunstverk med foto eller ei direktelenke til verket på internett (maks 10 foto/lenker).

 

SØKNADSFRIST?

Søknadsfrist 31. oktober kvart år. Søknaden sendast til: sfkm(at)misf.no.
Du vil få varsel om at søknaden er teke i mot og svar på søknaden innan 3 månader etter søknadsfristen.

 

Foto: Frå Maia Birkeland si utstilling "Det vi har i lag", 2017 i høgsalen ved SFKM, Førde. Fotograf: Oddleiv Apneseth.