SESONGOPNING ANDERS SVOR MUSEUM LAURDAG 22. JUNI KL. 13

Det vert opningstale ved Stig Olav Lødemel, ordførar i Hornindal kommune, og a capella koret Stevia byr på musikalske innslag.

Enkel servering.

Dette er siste sesongen at Sogn og Fjordane Kunstmuseum/Musea i Sogn og Fjordane driftar Anders Svor Museum, då Hornindal kommune frå neste år slår seg i lag med Volda kommune.

Vi takkar for oss, og ynskjer Svormuseet lukke til i den vidare drifta i lag med Sunnmøre Museum.


Velkomen!