When you wish upon a Star - Julekonsert med Distriktsmusikarane 5. desember


Det er blitt desember og vi nærmar oss jul. Desember er mørke og lystenning og ventetid fram mot jul.

Distriktsmusikarane Noemi Utasi og Christine Marøy har plukka fram månge kjende og nokre litt meir ukjende julesongar. Frå dei bortgjøymde og gløymde julesongane til julesongar som er blitt klassikarar. Julesongar kan komme til uttrykk i månge ulike former og sjangrar, og vi har plukka med oss songar på kryss og tvers av sjangrar og frå ulike land som USA, Frankrike, England, Tyskland og Norge.

Christine Marøy -song
Noemi Utasi -klaver