DOBBELTOPNING I SOGN KUNSTSENTER, LÆRDAL 15. JUNI KL. 13

Velkomen til dobbeltopning!
Samtidskunstutstillinga "Hemmelege hus" med verk av Veslemøy Sparre Jansen vert opna av Tone Einelia, prosjektleder for Lærdal næringsutvikling. Kunstnaren vil vere tilstades.
Samlingsutstillinga "Hus hjå Hans Gjesme" vert opna av  kurator for utstillinga, Ingrid Norum konservator ved SFKM.
Enkel servering.
Det er Lærdalsmarknad og difor mykje som skjer på Lærdalsøyri denne helga. Ta turen då vel!