PerInge Bjørlo er fødd i 1952 i Ålesund og utdanna ved Bergen Kunsthåndverkskole og Statens Kunstakademi i Oslo. Han flytta til Hønefoss i 1980. Etter å ha arbeidd med å uttrykke kjensler gjennom industrielle materialer som gummi, glas, stål, fekk han i 1985 eit utsmykkingsoppdrag og atelier til disposisjon på papirfabrikken Follum. Bjørlo har halde fram med å utvikle formspråket sitt innanfor den "industrielle materialporteføljen" og er som få andre i stand til å formulere uttrykk frå sjølve livet gjennom desse materiala. Livet sine kvasse kantar, harde hjørner, vegger eller avgrunnar formulerer likevel ikkje berre dystopien, men utfordrar óg refleksjonen over viljen og styrken i livet.
NORSK SKULPTUR
I FLORØ SENTRUM
Annasif Døhlen, Turid Angell Eng, Kjersti Wexelsen Goksøyr, Reidun Aafløy Hansen, Geir S. Hjetland, Svein Tore Kleppan, Hjalmar Lothe, Olav Orud, Solveyg Schafferer, Tove Mugaas Traavik, Skule Waksvik, Nils Aasland
22.04 – 22.09 2010
Til Florø by sitt 150 års jubileum presenterer Sogn og Fjordane Kunstmuseum, i samarbeid med Norsk Billedhoggerforening, Norsk skulptur i Florø sentrum - eit temporært kunstprosjekt med norsk skulptur av nolevande skulptørar og bilethoggarar.
Skulpturane vil bli utplasserte ulike stader i sentrum av Florø. Under opninga torsdag 22. april kl 13 ved Flora samfunnshus, vert det musikalsk innslag ved Otto Søvig og presentasjon av skulpturene ved intendant Arve Bringaker, som og har hatt hovudansvar for utvalet.
Tiltaket er støtta av Norsk kulturråd.
KUNSTMUSEET
PRESTEBØEN
17.02. - 17.08.10
MUSEUM PÅ FLYTTEFOT
Sogn og Fjordane Kunstmuseum reknar med å flytte inn i nybygg på meieritomta i Førde sentrum hausten 2011. Førebuingane er alt i gang og ut over våren og sommaren vil vi nyregistrere og fotografere samlinga vår på Prestebøen. Utstillingssalen vert omgjort til atelier, og kunstverka vert montert for kortare eller lengre tid for handsaming. Publikum er velkomen til å følgje arbeidet.