Anders Svor Museum Astruptunet.htm Eikaasgalleriet Gjesmegalleriet Kunstsenteret, Førdehuset galleri vinjum

 

Sogn Kunstsenter

Gjesmegalleriet opna i Telegrafen på Lærdalsøyri i 1997, og sidan 2003 har Gjesmesamlinga vore ein del av stiftinga Sogn og Fjordane kunstmuseum. Lokala ein no nyttar til oppbevaring og utstilling er langt frå tilfredstillande. Det nye kunstsenteret gjev større og meir eigna magasin, og større og betre sikra gallerilokale.

6. mai 2010 vart grunnsteinen til kunstsenteret lagt ned. Innhaldet i steinen er ein kopi av gåvebrevet frå Hans Gjesme datert 5. mars 1 994, det siste kommunestyrevedtaket og andre viktige dokument som er relatert til bygginga av huset.

 

 

www.brethdelacalle.de

Les meir>

 
   

 

 

 

Hans Gjesme -  Gjesmesamlinga

Hans Gjesme

Hans Gjesme vart fødd 11. mai  1904 på Oppigarden Voll i Tønjum krins i Lærdal. Som ung gut synte han talent for teikning og måling, og seksten år gammal vart han elev ved Pola Gauguins Malerskole i Kristiania. I 1925 studerte han nokre månader i Paris, delvis hos André Lhote. Med unnatak av seksten år som pasient ved Gaustad Psykiatriske Sjukehus i Oslo budde og arbeidde han heile livet i Lærdal. Før han døydde, den 29. mars 1994 på Sentralsjukehuset i Førde, donerte han livsverket sitt til Lærdal kommune.

 

Gjesmesamlinga

Donasjonen - Gjesmesamlinga - er ei stor samling med meir enn 1.500 førebels registrerte og fotograferte arbeid. Samlinga syner produksjonen til kunstnaren gjennom eit langt liv og omfattar mange motivkrinsar i form av skisser og ferdige verk, utført i ulike teknikkar som teikning, måleri, tresnitt, skulptur, trykkplater, pastellar og akvarellar.

Lærdal kommune har forplikta seg til å oppbevare og ta hand om Gjesmesamlinga på ein fagleg forsvarleg måte og halde samlinga ”heil og udelt”. Kommunen plikta seg samstundes til å syte for at samlinga vart fagmessig ramma inn og at samlinga vart gjort tilgjengeleg og kjent for publikum.

Lærdal kommune løyver kvart år pengar til Sogn og Fjordane Kunstmuseum som, sidan 2004, står for den faglege forvaltning av samlinga. 

Sogn kunstsenter

  • Gjesmesamlinga
  • Skiftande utstillingar
  • Bøker – katalogar – kunstkort – plakatar

Gjesmegalleriet vart etablert 19. juni 1998 av Lærdal kommune. Galleriet har fram til opninga av det nye kunstsenteret vorelokalisert til 2. etasje i Den gamle Telegrafen på Lærdalsøyri.

I åra fram til 2003 arrangerte Gjesmegalleriet, i tillegg til eigne presentasjonar av Hans Gjesme sin kunst, ei rekke vellukka samarbeidsutstillingar med Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst, Oslo . Frå 2004 er drifta av galleriet konsolidert med Sogn og Fjordane Kunstmuseum og mellom anna samarbeidet med Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst vert ført vidare. Sogn og Fjordane Kunstmuseum freistar utvikle kunnskapen om Hans Gjesme og Gjesmesamlinga og har dei seinare sett saman utstillingar som syner samlinga i nye samanhengar.

Den store jubileumsutstillinga i 2004 presenterte kunstnaren først og fremst som landskaps- og portrettmålar. Dette er og tema for boka om kunstnaren, som vart utgitt same år. Boka representerer stort sett det vi i dag veit om Hans Gjesme og kunsten han laga, og ho er framleis aktuell og til sals i museet.

 

        

 

 

 

 
 

Engelsk

Tilbake til førstesida Tilbake til førstesida