Mellom anna 125 tidlegare upubliserte skisser av Nikolai Astrup (1880-1928)! Om lag halvparten av dei er mest sannsynleg frå studietida i Paris i 1902, då skisseboka dei er ein del av har stempel frå ein utstyrsbutikk for kunstnarar i den franske hovudstaden og motiva kan sjå ut til å vere derifrå. Astrup har teikna akt og studert anatomi. Mange av skissene syner at han ant. har vore i Louvre og studert mellom anna egyptiske antikvitetar. Eit iaugefallande trekk i skisseboka, og i dei andre skissene, er alle skildringane av dyr, fuglar og plantar. Sjå skissene på Digitaltmuseum.